Rådgivar kommunal planlegging
Møre og Romsdal fylkeskommune · Molde
MO

Rådgivar kommunal planlegging

Møre og Romsdal fylkeskommune · N / A
Posted 23.09.2026
Gehalt NOK700,000 - 900,000
StandortMolde
Arbeitsplatz N / A
Vertrag N/A · FlexTime, FullTime
Vala

Ønskjer du å jobbe med planlegging, vere ein del av eit planfagleg miljø med fleire planleggarar og vere med å utvikle kommunane i Møre og Romsdal? Ved seksjon for plan er det ledig ei fast 100 % stilling som rådgivar i kommunal planlegging.

Arbeidsoppgåver

  • Ha dialog med kommunane om konkrete saker, svare på spørsmål og delta på møte og synfaringar hos kommunane i fylket
  • Vere med å utvikle og styrke rettleiingstilbodet fylkeskommunen gir kommunane innan arealplanlegging
  • Samordne innspela frå dei ulike ansvarsområda i fylkeskommunen i eit felles brev med ei tilråding. Gjennom ordninga med plansamordning arbeider rådgivaren tett med andre avdelingar i fylkeskommunen.
  • Skrive saksframlegg til fylkesutval i saker der fylkeskommunen reiser motsegn eller klage
  • Vere med å gjennomføre regionalt planforum
  • Gjennomføre kurs, konferansar og faglege plannettverk for kommunane
  • Delta i utviklingsarbeid i fylket der plankompetanse er etterspurt
  • Delta i utarbeiding av interkommunale planar og regionale planar
  • Delta i regionale, nasjonale og internasjonale fora for å hente ny kunnskap, inkludert forskingsprosjekt

Ein må forvente at arbeidsoppgåvene vil kunne bli tilpassa nye behov innanfor dette fagområdet

Kvalifikasjonar

  • Du har utdanning på masternivå, gjerne som arealplanleggar, jurist eller tilsvarande, og minst 5 års relevant yrkeserfaring frå arealplanlegging eller planforvaltning
  • Lang og relevant erfaring kan i vurderinga kompensere for manglande formell utdanning
  • Du har god kjennskap til plan og bygningsloven med tilhøyrande forskrifter og anna relevant lovverk
  • Du har gode digitale ferdigheiter og kompetanse i GIS-verktøy
  • Du har god forståing av skillet mellom politikk og administrasjon

Personlege eigenskapar

  • Du er positiv, serviceinnstilt og løysingsorientert
  • Du er faglig trygg, har gode refleksjonar og trivst med tverrfagleg samarbeid
  • Du er god til å formulere deg skriftleg og munnleg på norsk
  • Du er samfunnsinteressert - og har gjerne kunnskap om lokale forhold i Møre og Romsdal

Vi tilbyr

  • Moglegheit til å påverke framtida for lokalsamfunna i Møre og Romsdal --- arbeidet ditt får synleg, reell betydning for korleis kommunane utviklar seg
  • Eit fagleg sterkt og trivelig miljø med fleire planleggarar å spele på, der du ikkje står åleine med vanskelege vurderingar
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling gjennom kurs, konferansar og nasjonale/internasjonale nettverk
  • Fleksitid og gode moglegheiter for å kombinere jobb og familieliv
  • Offentleg tenestepensjon (ein av dei beste pensjonsordningane i norsk arbeidsliv), gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • Løn etter avtale
  • Arbeidsstad er i utgangspunktet i Molde, men Kristiansund eller Ålesund kan vere mogleg etter ein opplæringsperiode

Ähnliche Jobs

Ihr nächster Job beginnt hier!

Melden Sie sich bei PikaJob an, um personalisierte Empfehlungen zu erhalten.